
I Undredal er det å lage ost uløyseleg knytt til bygda sin identitet. Så langt attende vi kan spore og fram til i dag har det utan opphald blitt laga ost av eiga mjølk. Det er tre familiar med til saman om lag 240 geiter som står bak Undredal Stølsysteri BA og som har losa denne stolte tradisjonen over i det moderne matlandskapet. Som det første geitostysteriet i Noreg har vi full autorisasjon for produksjon og sal i heile Europa av kvit og brun ost. Og dette utan å måtte frårøve mjølka hennar beste kvalitetar gjennom pasteurisering. Dette gjer at vi som lokalt ysteri også kan rekne oss som ein del av ein stolt europeisk tradisjon, der kvaliteten ikkje berre er relatert til tekniske kriteria, men til dyrehelse, jordsmonn, planteval og beitelandskapet.
Ostane våre er laga av fersk, rå mjølk frå våre eigne geiter.
Brun Undredal er laga av geitemyse, geitemjølk og litt kufløyte. Den er kokt i åtte timar i opne kar med flisfyring.
Kvit Undredal er ein fast ost tilsett salt. Ny- og mellomlagra ost er mjuk og mild, vellagra ost er tørrare og har fyldigare smak.
Sognakvitost er den tradisjonelle kvite geitosten utan salt. Den vert vanlegvis omsett som ny- og mellomlagra type.
Osten vår finn du i delikatesseforretningar i byane og i gardsbutikkar elles i Sør-Noreg. Me deltar på Bondens Marked i Bergen i slutten av kvar månad og på andre marknader i Hordaland og Sogn og Fjordane. Marknadsplanen for 2009 og annan informasjon om ysteriet finn du på nettsida vår. Har du spørsmål om produksjon eller enkeltprodukt, ta kontakt på geitost@online.no
Du er naturlegvis også velkomen til å besøke Undredal og handle på Undredalsbui. Ynskjer du å bestille ost?
Ta kontakt på undredalsbui@visitundredal.no eller på tlf. 57 63 30 80
