Opningstider:
Vi organiserer guiding i Undredal stavkyrkje.
I 2010 har vi ope for grupper heile året. Grupper må tingast på førehand til
tlf. 95 29 76 68 eller post@undredal.no Pris på førespurdnad.
For enkeltbesøkjande har vi ope frå 15. mai til 30. september
I perioden 15.mai til 15. juni, og frå 15. august til 30. september er tidene:
Kl. 10.30 – 12.30 og 13.30 – 16.30
I perioden frå og med 16. juni til og med 14. august er kyrkja open frå kl. 09.30 til kl. 18.30
Kvalitetssikring
Vinteren 2006 / 2007 vart det lagt ned eit stort arbeid for å kvalitetssikra informasjon om kyrkja og formidling av denne. Sommaren 2008 hadde vi også ei ung jente som guideassistent.
For 2010 har vi det nye guidemanuset på engelsk, tysk i tillegg til norsk. Dette vil gjere det lettare for våre guidar, for grupper med eigen guide, og for enkeltreisande med andre språk enn dei vi kan tilby til einkvar tid. I 2009 hadde vi omvisarar i engelsk, norsk, italiensk, tysk og fransk, noko vi forventar å levere for 2010 også.


Undredal stavkyrkje er verdens minste stavkyrkje som er i bruk. Den er fyrste gong nemnd i eit kyrkjebrev frå omkring 1320 og då omtala som "kapellet". Kyrkja, som er ei av dei 28 attståande stavkyrkjene i Noreg, vart reist på midten av 1100-talet. Med sin imponerande byggemetode, og berre 4 stavar i skipet er det den minste av stavkyrkjene våre.
Dei særeigne og vakre måleria på vegger og tak er unike, og syner både faglærd og lekmanns arbeid. Måleria med sine akantusrankar, blomar og fargar vitnar om Europeisk påverknad og inspirasjon. Klokka frå middelalderen heng no inne i kyrkja, og vert nytta berre i særskilde høve.
Klangen er som den religiøse stordomstida ho kjem ifrå. Mange par frå Noreg og Europa vert vigde her, og feirar sine romantiske bryllaup i området.
Bygda Undredal har også vore nemd i historiske kildar. På 1340-talet ble bygda omtala i dokumentet "Bergens Kalvskinn" og her finn me dei fyrste skriftlege kjeldene me har om gardeigarar i bygda.
I skattelista frå 1552 er "Andfind på Soop" og "Laffritz på Underdall" nemnde. Ei periode var desse mennene som kom opprinneleg frå Nederland, to av dei fem mektigste menn i heile Sogn og Fjordane. Andfind Soops etterkommere startet senere på 1600-tallet et sagbruk ved elven i Undredal, for å forsyne deler av tømmer-markedene i England og Nederland.
Desse hendingar vitnar om et kulturelt og historisk skattekammer som finnst i Undredal. Velkomen hjå oss!

Prisar:
Grupper:
Grupper med over 10 personar: Kr. 40,- pr. pers.
Born under 12 år betalar halv pris.
Skuleklassar t.o.m. 7.kl. kr. 300,-
Ungdomsskule – studentar kr. 500,-
Enkeltbesøkande:
Enkeltpersonar kr. 50,- pr. pers.
Born under 12 år i fylgje med føresette er gratis.
I sakristiet får ein kjøpt boka "Undredal -kyrkja og bygda" av Torkjell Djupedal. Pris kr. 130,-.Vi har og t-skjorter, postkort, brosjyrer og plakatar til sals. Spør guiden for meir informasjon.