Skjøtselsprosjekt - sesongrapport
Stokko, Beinsnes og Dorganes.
Innleiing
Kort historikk om teigar, eigedomstilhøve med meir.
Stokko, vart i Bergens Kalvskinn dokument frå 1300-talet kalla Seljustokko.
Området var då truleg eit eige gardsbruk som svarte avgift til kyrkja i Undredal.
Etter svartedauden var det ikkje lenger fast busetjing på Stokko, og etter kvart kom eigedommen inn under garden Underdal.
Med oppdeling av garden i fleire bruk i Undredal vart det også fleire teigar ute på Stokko og langs stranda utover mot Stokko.
Slik at det i dag er 7 teigar på Stokko, 4 på Beinsnes og 2 i Nåtedalen (ikkje slått i manns minne) 3 teigar på Dorganes.
Daveteigen er den nærmaste teigen mot Undredal, og som relativt lettvindt let seg slå i Undredal.
Med rasjonalisering og effektivisering av landbruket etter 1945 vart arbeidskrafta dyrare og det førte til at dei teigane som var mest tungvinde å hauste vart lagt brakk. Fleire bruk har vorte lagt ned i Undredal og tal på dyr har også gått ned. Det er ikkje lenger behov for desse areala for å skaffe nok vinterfôr for buskapen.
Jordstykka på Stokko har ein forholdsvis god arrondering, men det som gjer det så tungvindt å bruke disse teigane, er at utstyr må fraktast i båt. Det same gjeld tørrhøyet som skal heim. Sjølv om fleire av teigane kunne vore slegne med traktor, så let det seg ikkje gjere.
Høyet blir slått, tørka på hesjer eller flatt, og frakta heim i båt. Ein eigar legg høyet i storsekk og frakter det heim slik, men den gamle metoden med høybører laga for hand og sikra med tau er mest brukt. Uansett metode dette er arbeidskrevjande.
Ei utregning gjort av Pascale Baudonell frå sist på 90-talet, gav ein gjennomsnittleg pris på omkring 20 kr kg høy. Så dette er vel verdens dyraste høy ?
STILK-midlar og SMIL-midlar
Det er midlar som skulle brukast for å motivere eigarar til å slå tungdrivne areal.
Det kan nok ha vore ein faktor som har gjort at nokre teigar på Stokko / Dorganes framleis har vorte slegne.
Med Landskapsverneområdet og seinare UNESCO- status, har fokuset på skjøtsel av utslåttene vorte sterkare.
Det vart i 2006 utarbeidet ein skjøtselsplan av Siri Bøtun ved Aurland Naturverkstad BA (rapport 12 -2006) Denne skjøtselsplanen ligger delvis til grunn for arbeidet mitt i sommar.
Oppstart av prosjektet
Som nemnt vi har hatt eit mål om å slå og å ta attende tidlegare innmark. (Restaurering av kulturlandskap.) Samstundes har det vore et ynskje om at arbeidsmåtar og reiskapsbruk skulle kunne formidlast til interesserte turistar.
Vi måtte ha ein del utstyr.
Det er kjøpt inn ei slåmaskin, ei ryddesag, 3 smidde ljåar, 3 orv, 2 bryner,1 barnerive, 4 river, 1 høygaffel, 1 lita øks og bogesag.
Eg har og nytta ein del eige utstyr.
Som 3 orv, 1 stuttorv og 1 tvihending.
For bevaring og transport av mat og drikke vart det kjøpt inn 2 kjølebagar, 1 kaffikjele, og ein del emballasje.
Kva er gjort
I sommar vart store deler av Stokko slege. Det gjeld alle dei teigane som har vore nytta fram til ca 1990. Dorganes vart og slege, samt mesteparten av Beinsnes.
Grunna problem med slåmaskina, eit flåttebit med tilhørande antibiotika- behandling og at eg nokre dagar seinare øydela ein okla, gjorde at det vart ståande att litt å slå på teigen til Idun Hille.

Frå Hamrane på Tørris-Stokko mot Stokko
Type arbeids
Det vart slege med slåmaskin og langs kantar med ljå. På dei teigane som har vore nytta meir og mindre samanhengande fram til i dag, er heile teigane slegne, graset tørka enten flatt eller i hes og så teke med heim til Undredal.
Foret vart lagt på bører, eller lagt i storsekkar og frakta heim i båt.
Dette gjeld teigane til:
Erna Undredal Skarsbø teig nr.10
Kristen Vindedal teig nr.13
Stig A Borlaug teig nr.14
Ivar Bjarne Undredal teig nr.15
Kristen Borlaug teig nr. 4
Aslaug Nedberge teig nr. 3
På dei andre teigane vart graset slege, raka saman og lagt i kaldkompost.
Grunnen til at dette graset vart kasta, er dårleg kvalitet. På dei teigane som hadde ligge brakk, var det mykje daudt gras frå tidlegare år, og difor egna seg ikkje til fòr. Neste år derimot kjem disse teigane til å ha mykje godt gras.
Formidling
Det var ein føresetnad at arbeidet med skjøtsel skulle ha ein formidlingsdel.
Et tilbod til turistar som villa ha et innblikk i det arbeidet som ligger bak stell av dette landskapet.
Det vart laga brosjyre og plakatar som vart spreidd på Gudvangen, Voss, Haugsvik, Undredal, Flåm, Aurland, Vassbygdi, Østerbø, Lærdal, Utladalen Naturhus, og Dei Heibergske Samlingar (Sogn Folkemuseum). Det vart også annonsert på Aurland kommune sin heimesider,
Brosjyren var etter mi meining ikkje god nok tekstmessig og faglig, men det var det vi fikk til i byrjinga av juni. Erfaring gjort i sommar, gjer oss meir budd på kva som krevjast.
Utanom ”slåttedagen” så var det med 15 personar som var med meg på slått. Det var 5 svenskar,1 tyskar og resten nordmenn. Dagane med gjester vart lagt til rette slik at dei fekk innsyn i dei arbeidsoppgåvene som var naudsynte for den teigen, på det stadiet som arbeidet var i då.
Eg forklara også litt om detaljer i landskapet sin geologi, fauna og flora.
I eit tilfelle så var det hjelp på til å dra slåmaskina opp på hamrane på Tørrisstokko, eller ljåslått, hesjing og å legge høy på bører og frakte det heim. Eg brukte ein del tid på å forklare om ljå og ljåslått, typar og kvifor ein del detaljer er viktig.

Turistar i aktivitet på Beinsnes
Hadde forskjellige typar orv, 2 orv som har vore nytta i Nordhordland, Hardanger og Voss, 3 Sogneorv, 1 orv frå Ottadalen. I tillegg hadde eg ein Tvihending(stuttorv) og 2 stuttorv(plukksigd).
Gjestane vart traktert med brød frå Marianne Holme, Undredalsost og geitepølse. Kaffi vart kokt på bål. Dei tilbakemeldingane eg fikk var gode.

Slåttedag, Utmarksfòrdag.
Som del av Slåttefesten, vart det laurdag 25.juli arrangert ein slåttedag på Stokko, alt i regi av Undredal Grendalag og Undredal Ungdomslag. Vi synte fram forskjellige arbeidsteknikkar for hausting av fòr i utmark. Det var lauving, slått med stuttorv og langorv, forskjellig bruk av helder og børetau. Vi synte fram og viste korleis lage bør for tørrhøy og bør for transport av rått gras.
Det var 18 deltakarar på denne dagen, og Edvin Flåm og Kjell Arne Stigen gjorde ein svært god jobb med formidling av arbeidet, og forteljingar om korleis det var å drive tradisjonelt landbruk i dette landskapet.
Kjell Arne fortalte mye og godt om frakt av høy frå Stigen og heim til Undredal. Fagleg sett var dagen vellykka, men det var for få deltakarar.
Det vart servert tradisjonell slåttemat.
Kva er gjort på kvar enkelt teig.
Teig nr. 1 Eigar: Stein Tage Domaas.
Teig nr. 2 Eigar: Edvin Flåm.
Det er ikkje føreteke nokon form for skjøtsels tiltak på disse teigane. Skjøtsel her vil i første omgang være å hogge ut skog.
Teig nr. 3 Eigar: Aslaug Nedberge
Teigen vart skadd av et steinras for 3 år sidan, men er så langt det lar seg gjøre rydda.
Teigen vart slegen av Ivar Bjarne Undredal og eg. Graset vart hesja, turka og frakta heim.
Teig nr. 4 Eigar: Kristen Borlaug.
Denne teigen vart også skadd av et steinras for 3 år sidan, men er så langt det let seg gjøre rydda. Omframt er det 2 store steinblokker nord på teigen som må sprengjast om dei skal fjernast.
Teigen vart slegen av Ivar Bjarne Undredal. Eg var med. Graset ble hesja, turka og frakta heim.
Teig nr. 5 (Nåtedalen) Eigar: Stig Arne Borlaug.
Det er svært lenge sidan det har vore slege her, kanskje 50 år? Attgroinga er langt komen, det krev mye hogst her. Det er ikkje føreteke noko skjøtselstiltak her.
Teig nr. 6 Eigar: Ivar Bjarne Undredal.
Her har det over tid rast ned mykje stein frå hamrane over, og det vil krevje mykje arbeid å få området slik at det kan slåast. Attgroinga er også komen langt. Det er ikkje føreteke noko skjøtselstiltak her.
Teig nr.7 Eigar: Idun Hille.
Denne teigen kan delast i 3 deler, Den eine delen ligg for seg sjølv litt nord for de 2 andre med ein stor berghammar imellom. Denne hammaren gjer at slåmaskina må i båt for å kommer frå nord til sør på teigen. Den nordre delen vart slegen så langt det let seg gjere,

Attgroinga var komen langt også her, og det var berre ei smal stripe langs fjorden som kunne slåast med maskin, Høgare oppe på teigen var det ein del nedrast stein og dominert av Matteuccia Struthiopteris (bregne), som hadde laga mange og store tuer noko som gjorde bruk av slåmaskin umogeleg. Så her vil del være nødvendig med rydding og fjerning av tuer til våren. Det er også ei stor sprekksone nedst på teigen, noko som kan tyde på at bakkemuren mot fjorden er i ferd med å rase ut.
Resten av teigen er igjen delt i 2, ei flate med ei skråning opp mot ein bakkemur og over muren forsett skråninga. Mesteparten av flata og skråninga under muren vart slegen. Dette var det området eg brukte når det var betalende gjester.
Ein god del sto att uslege her då engasjementet var over.
Teig nr. 8. Eigar: Peder Olai Vindedal.
Teig nr. 9. Eigar: Erna Skarsbø Underdal
Det er svært lenge sidan desse teigane har vore slegne. Attgroinga er komen langt, men det var framleis mogeleg å slå ei smal stripe langs fjorden. Graset vart slege, raka saman og lagt i haug, for kompostering.
Langs fjorden er deldelvis mur og delvis røys, murane er i forholdsvis god forfatning.
Teig nr. 10. Eigar: Erna Skarsbø Underdal
Slege i samsvar med det skjøtselsplana anbefaler, av Sigbjørn Skarsbø og Olav Skjerdal. Eg var med å legge på bører og å frakte høy heim. Denne teigen har vore slegen stort sett kvart år.
Teig nr. 11. Eigar: Harry Tinjar.
Den nordre, nedre delen av denne teigen er øydelagt av et steinras, men store områder kan framleis slåast. Det vart gjort, og graset raka saman og kompostert.
Det er 10 år eller meir sidan sist gang teigen vart slegen. Attgroinga er i nokre områder komen langt, I brattehellet midt på teigen var det store samanhengande bringebærkratt. Disse let seg ikkje slå med slåmaskin. Det var for bratt og ugjegnt. Tidligare vart denne bakken slått med slåmaskin, men no vart det ble brukt ryddesag påmontert krattknusar. I overkant på teigen var også attgroinga komen langt, utrasing av stein vanskelig gjer bruk av både slåmaskin og krattknusar. Her må det ryddes for stein på vårparten om heile slåttemarka skal takast i bruk att.
Teig nr. 12. Eigar: Nils Hjellum.
Denne teigen er for ein stor del øydelagt av steinras, men ei stripe langs fjorden er det framleis mogeleg å slå, Det vart gjort av Sigbjørn Skarsbø. Graset vart tørka og eiger frakta det heim.
Teig nr. 13. Eigar: Kristen Vindedal.
Slegen slik skjøtselsplan tilrår av Sigbjørn Skarsbø og Olav Skjerdal. Eg var med på å legge på bører og å frakte høy heim. Denne teigen har vore slegen stort sett kvart år. Ein del av denne teigen vart slegen på slåttedagen den 25/7. Det vart då også hogd ein del lauvkjerv øvst på teigen.

Teig nr. 14. Eigar: Stig Arne Borlaug.
Denne teigen har vore slegen utan opphald i generasjonar, og slik skjøtselsplan tilrår, av eigar, med noko hjelp frå meg. Graset ble tørka flatt og frakta heim.
Teig nr. 15 og 16. Eigar: Ivar Bjarne Underdal, Helene Langset
Desse to teigane har vore slegne utan opphald i ganske mange år. Ivar Bj Underdal har slege begge teigane i samsvar med skjøtselsplana med hjelp frå meg.
Her vart graset hesja, turka og frakta heim. Det er behov for rydding av noko skog langs kantane. Ei større mur/røys i grensa mellom disse to eigedomane har eit mulig overheng. Det bør holdast under oppsikt (fare for utrasing). På slåttedagen vart det laga ein del bører frå ei hesje på denne teigen
Teig nr. 17. (Tørrisstokko) Eigar: Oline Roti
Denne parsellen strekkjer seg oppover over Hamrane, og det er den viktigaste jordstykket til dette bruket, husa til bruket ligg inne i Undredal. Bruket er nedlagt.
Nede ved fjorden er ein gamal frukthage og fleire bakkemurar. Ved å gå opp ei mura trapp(delvis nedrasa) som ligg mot nord og øvst på teigen, kjem ein opp på Hamrane, Her er det forholdsvis flatt og etter tilhøva eit ganske stort jordstykke, med enkelte svært bratte parti. Avlinga har delvis vore båre ned og delvis blitt sendt med løypestreng.
Løypestrengen er framleis på plass, men den er ikkje lengre brukbar. Området på Hamrane er no dominert av brennesle og mjødurt. Det er ti år eller meir sidan det har vore slege her.

Ein av dei få løypestrengane som er att.
På Hamrane vart dei områda som let seg slå, utført med slåmaskin, med unntak av ein større flat og samanhengande terrasse som strekker seg sørover. Den vart ikkje slegen. Teigen er lite synlig frå fjorden grunna stor skog. Ein del av dei bratte partia som ligg mellom maskinslåttlende vart difor slegen med ljå.
Den delen av teigen som ligger nede ved fjorden vart slegen, mesteparten med maskin. Her var det sist slåttonn i 2001. Graset ble raka saman og kompostert.

Rydding av kratt og lauvtre.
Bortsett frå å fjerne et større felt med bringebærkjerr på parsell 11, så er vart det ikkje tid til slik rydding, De fleste grunneigarane er positiv til dette, men ein grunneigar kom med et forbod mot den type rydding.
Skjøtselsplana legg føringar for slik rydding fleire stader, men det vil være best med skriftlige avtalar frå kvar enkelt grunneigar før ein set i verk slik rydding.

Resultat av ”friluftsliv”
Ein annen side ved å fjerne hassel, selje og or er at det vil være svært arbeidskrevjande å halde disse areala opne, da buskoppslaget vil verte svært stort. Ein kan foreta stubbehandel med Glyfosat. Då drep ein treet eller buska, men ved rotning av rotmasse vil det verte frigjort næring og ein del nitrofile arter vil for ei stund overta. Slått av disse teigane vil måtte skje med ljå. Ein vil binde store resursar på opne opp disse teigane.
Rekreasjon.
Det har i periodar vore mange besøkjande på Stokko.
Mange har kome til fots frå Undredal, men det har også vore svært mange padlarar.
Det er stort sett med kajakk-padlarar at det er potensielle konfliktar.
Problemet er rasting, telting, grilling og toalettbesøk.
No skal det seiast at dei fleste padlarane ikkje var vanskelige på noen måte, men forståinga av at dette er innmark, og at det er slåttemark ikkje er så stor.
Eg hadde ein god dialog med 2 av de faste arrangørane av padleturar på Aurlands og Nærøyfjorden.
I skjøtselsplana er det satt av plass til telting på parsellen til Nils Hjellum.
Dette vil kunne fungere når det er få padlarar, men ved fleire grupper spreier dei seg på hele området langs fjorden mellom Kjørobben (nærast Undredal) og Stokko. Skilting vil kunne hjelpe på noko.
På teigane som Ivar Bjarne Undredal disponerar vart det sett opp plakatar om iland-stigingsforbod. Det hjelpte noko, men om alle grunneigarane gjer det, trur eg mange vil gå i land likevel.
Padlarar som kjem i små grupper vil gjerne være for seg sjølv, dei vil nok ikkje ha lyst til å være saman på ein plass, med andre grupper.
Skjøtselsplana foreslår eit toalett på Stokko, det ville vel hjelpe noko, men då teltarar ligg spreidd, vil det berre ha avgrensa effekt.
Etter at ein parsell er slegen vert den frigjeven for telting.
Svært mange lagar bål / griller og då gjerne på slåttemarka. Skjøtselsplanen foreslår nokre faste bålplassar.

Gamal båtstø på Stokko
Biologisk mangfold
Flora
Området mellom Krossanes i Undredal og Stokko har habitat av mange slag. Her finn ein mykje Hasselkjerr som kan gje ly til mange typar sopp. På Dorganes, på teigen til gnr 51, br.nr.19 finn ein på den tidligare slåtteteigen store førekomstar av Maria Nøkleblom. Dette er ei plante som er avhengig av kulturpåverking, dvs jamleg slått for at å overleve. Maria Nøkleblom er sjeldan i indre fjordstrøk på vestlandet, Hovudutbreiinga er i Oslofjordsområdet, men finns spreidd oppover langs kysten til Trøndelag, og trivst best på kalkrik grunn.
Ei anna spesiell plante er Vårmarihand. Det er ein orkidé som veks både i eng og i krattskog. Det veks både Skogmarihand og Flekkmarihand i området.
Skogmarihand er avhengig av frisk fuktig og kalkrik grunn eller moldjord.
Engene på Dorganes har også mykje innslag av Vårmarihand og Skogmarihand.
Det er også andre typar orkidear i området. Slik som Brudespore og Nattfiol Dette er også artar som er knytte til slått eller beitemark, som kan gå ut dersom området ikkje vert skjøtta.
Andre indikatorartar på kalkhaldig grunn er Flekkmure og Raudsildre.
Dei artene som er nemnt her, er såkalla kulturtinga artar. Dei bekreftar at områda har vore nytta som eng og beiteareal i lang tid, men også at det er plantesamfunn som no er trua dersom det ikkje vert skjøtta.
Mange av engene er prega av attgroing med nitrofile arter som Brennesle, Villbringebær og Mjødurt. Einstape og Bjørneskjegg har også overteke ein del av den tidligare slåttemarka. Medan Hassel, Gråor og i mindre grad Selje, Rogn og Bjørk har teke over dei slåtteteigane som har vært ubrukte lengst.
Fauna
Den store hjortestamma som heldt til å området beiter her store deler av året.
Ca. 160 geiter frå 2 bruk har området som vår- og haustbeite.
I landskapet er det Raudrev. Etter at revefarmane vart nedlagt på 70- og 80-talet vart det sett hybridar i ei nokre år, men dei er no borte. Det har vorte observert Oter i nærleiken av elvar og bekkar på begge sider av fjorden. I sjøen er det Nise og Steinkobbe.

Kom sjølv over ein nyfødd Steinkobbe som satt fast mellom nokre steinar. Den vart løyst, og mora tok seg av den att.
Mink finns nok også her, men vert sjeldan observert. Vadefuglane som hekkar her klarer å få fram store nok kull til å halde bestanden oppe eller aukande.
Det finns Ærfugl, Laksand og Stokkand.
Korte periodar om våren beiter Grågås og Kanadagås langs fjorden, og om hausten kviler Songsvaner på sin veg nordover.
Bestanden av Kråke er veksande, medan Gråmåse, Svartbak og Terner er på vikande front. Ramn streifar i området i små flokkar, og hekkar nok i området.
Tal på Kongeørn finns ikkje, men det har vore observert 5 vaksne fuglar samstundes. Det er grunn til å tru at arten er stabil.
Geologi og jordbotnsforhold
Den dominerande bergarten er Gneis (den er hard og den kan ha lav pH), noko som ikkje skulle gje så stor variasjon i floraen, men det er innslag av andre bergartar som kvartsitt og amfibolitt. Det er eit lag i berget med disse to bergartane som følgjer hamrane hele vegen ut til Stokko. Amfibolitt er kalkrik. Kalk vert transportert med vatn og såleis gjødslar den store deler av planområdet.
Gneisen er lagdelt, og i kombinasjon med Kvartsitt, fører det til mykje ras i området. Difor er det også mange urer utover langs fjorden.
Vidare framdrift
Skjøtselplana gjev ein del føringar for kva som skal gjerast og korleis. På ein del teigar er det berre antyda slått annakvart år. Dette da for å hindre buskoppslag og attgroing. Ein slik driftsmåte gjer graset uegna som høy til fòr, då det vil være ein betydelig mengde med gras frå fjordåret i høyet. Graset må då kastas, og det vil bli ein del stader på kvar teig der det over tid vil verte oppsamling av gras og då også ei oppsamling av næring.
Et alternativ vil være tørking og brenning av graset, noko som været vil kunne være et hinder for. Brenning kan også representere ein fare for skogbrann.
Nokre av dei teigane som det er foreslege å slå årlig, er det heller ikkje noko plan for bruk av høyet til fòr. Talet på dyr i Underdal er ikkje større enn dyrkamarka i bygda gjev rikeleg med fòr til. Det er strengt tatt ikkje er behov for å frakte dette foret heim til Undredal. Kanskje kan ein finne bruk for fòret andre stader.?
Økonomi
Kontakt med HSF seksjon for naturfag
Har hatt kontakt med Ingvild Austad på seksjon for landskapsøkologi på SFH i Sogndal.
Det var interesse der for å følgje opp kva som skjer botanisk i felta som vert slegne.
Vi har fått kontakt med interessentar i Storbritannia som driv eit prosjekt der deler av drifta går på liknande grunnlag.
Bemanning
I sommar var eg ålene, men om det blir bevilga like mykje pengar neste år, så vil det være naudsynt å ha med ein person i tillegg. Det vil være til stor hjelp i samband med flytting av slåmaskina, men også at ein ganske enkelt kan få gjort meir i forhold til skjøtselsplana.

