


Vi held til i skulen, på klasserommet som er vendt oppover mot Jordamorstova.
På måndagar, onsdagar og fredagar har vi ope frå kl. 17.00 til 20.00, og på torsdagar og laurdagar frå kl. 15.00 til 17.00
Der har vi to trimsyklar, ein spinningsykkel, to treningsballar, to stepmakiner, fire treningsunderlag, ein treningsbenk og mange vekter og mykje anna styrketreningsutstyr.
Alt dette materiellet er slik som privatfolk har hatt ståande heime, og berre brukt når dei fekk ånda over seg. No trenar mange fast i lag, og opplever eit fint sosialt miljø med berre føremoner. Litt konkurranse vert det nok også.
Nesten 10% av bygda sine innbyggjarar betalt medlemskontingent, og har stilt opp fast på trening i vinter og utover våren. Det gjeld både unge og noko eldre årgang.
Her har vore både alvor og skjemt når sveitten silar og musklane skrik etter kvile. Då har vi leska oss på friskt sitronvatn og lystig planlegging av flotte turar til sommaren.
Dei ivrigaste har også gått rundtur over Hjødla på tysdagar, og om kveldane no når det er så lyst og fint.
Aktiviteten er framleis så stor at dette tilbodet vert oppretthalde heile sommaren, sjølv om nokre faste tek ferie.
Dette vert difor eit nytt tilbod for dei som kjem attende til bygda på ferie, leiger rom, eller vitjar campingplassen for ei natt eller fleire.
For kr. 10,- pr. gong kan tilreisande nytta trimmen vår !
På veggane heng forslag til bruk av treningsutstyret i tekst og bilete, som eit godt supplement til eigne øvingar.
Med ei betre helse og god kondis, vert alt så mykje lettare. Vi held ut litt lengre, og nyt litt meir. Det gjeld å ha sisu…
Alle er hjerteleg velkomne !
