Undredal er ei bygd med ca. 80 innbyggjarar og fire gonger så mange geiter. Staden er i dag vidt kjend for stavkyrkja, og for den kvite og brune Underdalsosten. At bygda har butikk med post, gjer at folk framleis kan bu her, sjølv om barneskulen vart nedlagd i 2006. Før vegutløysinga i 1988, var innbyggjarane i Undredal meir isolerte, og måtte sjøvegen eller driftevegar over fjellet om dei skulle ut av bygda i ærend.

Undredal stavkyrkje er fyrste gong nemnd i eit kyrkjebrev frå omkring 1320 og då omtala som "kapellet". Seinare, på 1340-talet, er bygda omtala i dokumentet "Bergens Kalvskinn" og her finn me dei fyrste skriftlege kjeldene me har om gardeigarar i bygda. I skattelista frå 1552 er "Andfind på Soop" og "Laffritz på Underdall" nemnde. Ei periode var desse to av dei fem rikaste menn i heile Sogn og Fjordane. På 1600-talet starta ei ættegrein av Soopfamilien sagbruk nede ved elva. Nederland og England hadde i denne perioda stor trong for tømmer. I tillegg dreiv dei to av dei fire bruka i bygda. I dag er Undredal ei bygd med positiv utvikling, stikk i strid med det som er regelen for utkant-Noreg. Geitebøndene i bygda arbeidar stadig for å betre kåra for småskalaprodusentar av tradisjonsmat.

Undredal stølsysteri ligg på Melhus og produserar årleg fleire tonn brimost, og kvit geitost i fleire variantar. Den faste buføringsdagen er 25. juli. Då flyttar budeiene geitene sine frå Melhus til Langhuso og til nye friske beite. Kvart år vert det skipa til ein festival siste helga i juli. Då vert det servert tradisjonsmat, og sal av småskalaprodukt. På år med partal, er det Slåttefest. Då vert det lagt meir vekt på onnetradisjonar og stell av kulturlandskapet. Sjølvsagt høyrer tradisjonsmaten med, og sal av Undredalsost og geitepølse.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ukrut Andreas Misund Berntsen

 

 

Sjå turistinfo for offentlig kommunikasjon og rutetider.

Ynskjer du meir informasjon om Undredal, skriv inn e-postadressa så kontaktar vi deg.


Namn
E-post adresse
Adresse
Kva gjelder førespurnaden
Image Verification
Please enter the text from the image
[ Refresh Image ] [ What's This? ]